Nils J. Lekve i Ulvik får skryt av Innovasjon Norge for nettsida om sider. Men Sosial—og helsedirektoratet meiner det er ulovleg alkoholreklame.
Siderprodusenten er fortørna, og vil klaga på brevet frå direktoratet.
— Dette heng ikkje saman, seier Lekve til Bergens Tidende.

På sider-sidene vert alkoholhaldig drikke profilert med fleire bilete av flasker med Hardanger Sider og omtale av produktet, påpeikar Sosial- og helsedirektoratet. Dette er i strid med alkohollova. Direktoratet krev at Lekve innan 15. januar stadfester at nettsidene er retta i samsvar med reglane om alkoholreklame.

Unntak for Vinmonopolet
Direktoratet minner om at dei kan gjera vedtak om tvangsmulkt om nettsidene ikkje vert endra. AV ARNE HOFSETH.

Les meir

Les meir
11-01-2007 Ingen kommentarer adminsider NYTT frå siderfabrikken