Om eplesider

HARDANGERSIDER – SAGNOMSUST DRIKK

Sider er sagnomsust og nær knytt til Hardanger. HardangerSider frå Ulvik er laga etter gammal oppskrft på moderne vis. Epledyrking og siderproduksjon har vore tradisjon i Hardanger heilt sidan 1200-talet då epledyrkinga og siderkunsten kom til Hardanger med munkane. Les om geografisk beskytta nemning av Hardangersider.

NYE, GAMLE OPPSKRIFTER

God og ekte hardangersider skal vera produsert med naturleg gjæring.
Ein moderne og sikker saft- og siderproduksjon krev godt utstyr. Produkta våre er basert på gamle oppskrifter, men for å sikra best kvalitet og ein stabil produksjon har me kjøpt inn spesialutstyr.
Godt produkt krev fagkunnskap. Spesielt siderproduksjonen kan vera ustabil og risikabel.
Vi du ha omvising i produksjonslokala?

SIDERTANKAR PÅ 5000 LITER

Hardanger Saft og Siderfabrikk brukar spesiallaga ståltankar til produksjon av sider. Eplesafta vert sett til gjæring om hausten og er ferdig til tapping våren etter. Av den ubehandla safta (råsafta) vert noko selt til privat bruk for ”gjer det sjølv” sider, resten vert plassert i dei store ståltankane på 5000 liter for siderproduksjon. Her skal sideren godgjera seg fram til våren og helst endå lengre.
Les om siderruta og siderslepp.

BEHAGELEG OG STERK

Sideren skal smaka eple, den skal ha god lukt av friske eple når ein opnar flaska og vera klår og brusa lett med det same den kjem i glaset. Sideren skal vera behageleg å drikka.
Sideren skal ha god lukt av friske eple når ein opnar flaska, vera klår og brusa lett når den kjem i glaset. HardangerSider er velegna i godt lag, som velkomstdrink, til god mat eller åleine.
HardangerSider frå Lekve vert produsert
i mange variantar.

Les om gardsrestauranten vår