Tor Halvorsen.
Nils Lekve tok både fyrste og andre plass då Noreg sin beste sider vart kåra i Øystese laurdag.
Siderfestivalen i Øystese vart arrangert for 10. gong i helga, og eit av høgdepunkta var kåring av beste sider, nytt av året var to kategoriar, profesjonell og amatør.
Juryen blindtesta seg gjennom 26 ulike siderar frå 16 produsentar, og kåra nok ein gong Hardanger Saft og Siderfabrikk Nils Lekve sin
Hardangersider Sprudlande til beste sider.

Same mann tok også andre plass med Hardangersider Tradisjonell.
Tredje plass i kategori profesjonell gjekk til Hardanger Cideri ved Sjur Jaastad.
Om vinnarsideren seier juryen: «Fin, klar, gul farge, fantastiske bobler som lever i glasset, dufter av modne epler, delikat imunnen, god balanse mellom syre og sødme, frisk tørr avslutning med lang ettersmak. Passer godt som apertif og til mat». I juryen sat Hanne Frostad frå Hanne på Høyden, Fredrik Sarorea,
Lysverket og Datarock, Vidar Klausen frå Vinhuset og Anders Horn frå Thon Hotel Sandven.
I klasse amatør tok Reidar Skogheim frå Seljord fyrste plass, fylgt av Helge Frøland. Gerd Lysen og Andreas Østlund delte tredje plassen.

Les meir

Les meir
14-10-2013 Ingen kommentarer adminsider NYTT frå siderfabrikken