02-10-2014 Avisa Hordaland

Sigrid Seim- visa-hordaland.no

Siderprodusentane i Hardanger kan selja sterk sider frå garden utan at det er i strid med EØS-avtalen, peikar jusprofessorar på.

Største siderprodusenten i landet, Nils J. Lekve i Hardanger Saft og Siderfabrikk er både glad og spent på om dette kan vera løysinga på den vanskelege saka. Produsentane i Hardanger har i lang tid kjempa for å få lov til å selja sider med styrke over 4,7 prosent, frå eigen gard.

Regjeringa ba jusprofessorane Finn Arnesen og Fredrik Sejersted om å gå gjennom EØS-regelverket, for å finna ut kva som er mogeleg å få til på dette området. For alkoholhaldige drikkevarer som ikkje er omfatta av EØS-avtalen, er det mogeleg med nisjesal frå produksjonsstaden. Det vil i så fall ikkje gjelda produkt basert på malt eller druer, og sprit. Opninga finst for «andre gjærede drikkevarer», som eplesider, pæresider og mjød, viser dei til.

Aldri før så nær

– Eg er veldig positiv viss dei klarar å få til noko no, seier Nils J. Lekve.- Me veit ikkje heilt kva det endar med, – det er så mykje jus i det, men me har aldri vore så nær som no, at det kan verta opna for sal.

Lekve er usikker på om han i så fall vil få høve til å selja alle produkta han lagar, som også omfattar brennvin, likør og vin. Å kunna selja av alle, ville vera det beste for hans del.
Hardanger Saft og Siderfabrikk har den seinare tida laga 50.000 liter sider i året. Dette året har han som mål å auka til 75.000 liter. I tillegg til at salet av sider har auka, treng han meir sider til å laga brennevin, likør og dessertvin.

Neste sommar?

Resultatet frå rapporten som dei to professorane har utarbeidd er no oversendt Helse- og omsorgsdepartementet som handterer alkoholpolitikken.

– Eg reknar med at det er mogeleg å få endra lovverket slik at det kan verta mogeleg for siderprodusentane i Hardanger med gardssal av alkohol over 4,7 prosent, seier stortingsrepresentant frå Hordaland Helge Andre Njåstad (Frp). Målet er å kunna losa saka gjennom i Stortinget og ha nytt regelverk på plass til turistsesongen neste år, legg han til.

Sigrid Seim- visa-hordaland.no, Foto Vidar Herre.

Les meir

Les meir
02-10-2014 Ingen kommentarer adminsider NYTT frå siderfabrikken