Eplesider

Eplesider

Sagnomsust drikk

Dei fleste gardane i Hardanger har si hemmelege oppskrift på sterk og god sider. Epledyrking og siderproduksjon har vore tradisjon i Hardanger heilt sidan 1200-talet då epledyrkinga og siderkunsten kom til Hardanger med munkane.

Behageleg og sterk

God og ekte hardangersider skal vera produsert med naturleg gjæring. Sideren skal smaka eple, den skal ha god lukt av friske eple når ein opnar flaska og vera klår og brusa lett med det same den kjem i glaset. Sideren skal vera behageleg å drikka.
HardangerSider frå Lekve vert produsert i 3 variantar, tørr, halvtørr og halvsøt.

Kjøp av hardangersider

No er det mogleg å få kjøpa Hardangersider på fabrikken i samband med omvising.
Sider er også på Vinmonopolet i fleire variantar

BESKYTTA GEOGRAFISK NEMNING

beskytta-geografisk-nemning-01

Hardanger Siderprodusentlag fekk beskytta geografisk nemning på
“Sider frå Hardanger” 17. april 2009.
Dette er det første og einaste alkoholhaldige produktet i Noreg med beskytta geografisk nemning.

 

VÅRE SIDERTYPAR:

TRADISJONELL HARDANGERSIDER
Tradisjonell er ein medium søt og stille sider. 750 ml flaske, (8%)

SPRUDLANDE HARDANGERSIDER
Sprudlande er tradisjonell eplesider tilsett kolsyre. 750 ml flaske, (8%)

KVASSHOVDEN HARDANGERSIDER
Kvasshovden er tørr og sprudlande sider tilsett kolsyre. 750 ml flaske, (8%)

TROLLTUNGA HARDANGERSIDER
Sider frå Hardanger.Laga av eple frå Hardanger. Halvtørr. 350 ml flaske, (8%)

JØKULEN
Sider halvtørr-musserande. 350 ml flaske, (7%)

DRONNINGSIDER
er Hardanger sitt svar på champagne. Tørr sider med mykje bobler. 1500 ml flaske (8%)

SIDER FRÅ HARDANGER TUNHEIM
Sider frå Hardanger. Sprudlande tørr. 330 ml på boks, (6.2%)

HUMLESIDER
Sider med humlepreg. Sprudlande. 330 ml  på boks, (7%)

JONSTØL
Hardangersider, tørr med kullsyre. 750 ml flaske, (6,2%)

HARDANGER DRAUM
Sider laga av eple og moreller. Lagra på eikefat. Tilsett kullsyre. 750 ml flaske

HARDANGER SIDER  MED JORDBÆR
Sider produsert  av eple og jordbær. Medium søt.Frisk, syrlig smak.
750 ml. flaske, (6.4%)

SIDER  FRÅ   HARDANGER
Halv tørr sider med kullsyre. 37.5 cl flaske, (4.7%)

TRADISJONELL HARDANGERSIDER 2L
Ein halvtørr og stille sider. Tradisjonell sider får du på 2-liters kartong, (8%)