Andre produkt

ANDRE PRODUKT OG EPLESORTANE VÅRE

På denne sida finn du nokre andre produkt kundane våre pleier spørja etter.
Desse kan du anten bestilla i sesongen eller kjøpa på garden.
Det er og mange som er interessert i kva eplesortar me nyttar i produksjonen.
Her er litt om dei:

RAUD GRAVENSTEIN

Moden siste halvdel av september og har brukstid september – november. Epla er store. Raud Gravenstein er eit saftig, lett syrleg eple med framifrå kvalitet. Frisk, god lukt.
Lagring 1-2 månader.
Oppr. Danmark, til Norge 1600-talet.
Gammal sort.

SUMMERRED

Moden i siste halvdel av september og har brukstid september til november. Frukta er middels stor og epla er noko høgbygde. Normalt er frukta dekka med klar, raud dekkfarge. Fruktkjøtet er kremgult og kvaliteten svært god. Middels fast, sprøtt og saftig fruktkjøt. Kan lagrast 1-2 månader ved gode tilhøve.
Oppr. Canada, 1960-talet.

AROMA

Moden siste del av september eller byrjinga av oktober. Brukstida er oktober – desember.
Eplet er rundt til flatrundt. Middels stor, men kan vere svært stor på unge tre. Velutvikla Aroma er eit aromatisk og svært godt eple.
Oppr. Sverige, 1957.

Discovery

Discovery eple er eit av dei tidlege eplesortane. Vanlegvis startar haustinga i begynnelsen av september. Sorten har lys gul grunnfarge, raudaktig på eine sida og har fast fruktkjøt. God både til eta og laga sider og juice av.
Oppr.Sverige, 1957