Alkoholfritt frå Hardanger – eple i kvar dråpe
Våre alkoholfrie produkt er laga av 100 % reine råvarer frå Hardanger. Her finn du både frisk eplemost og alkoholfri sider, produsert av solmogne eple frå eigne og lokale frukthagar.
Drikken får den naturlege smaken frå gode råvarer – utan tilsett sukker, kunstige søtstoff eller unødvendige tilsetjingar. Smaken varierer etter eplesort og sesong, og gir eit ekte uttrykk av frukta og området ho kjem frå.
Solmogne hardangereple
For å sikre høg kvalitet brukar me berre mogne eple hausta i sesong frå august til oktober. Epla vert plukka for hand, før dei vert vaska, pressa og skånsamt foredla for å ta vare på mest mogleg av smak, aroma og næringsinnhald. Dei viktigaste eplesortane me nyttar er mellom anna Gravenstein, Aroma, Summerred og Discovery – kvar med sitt særpreg som set karakter på produkta våre.






