Produksjonen

Saft- og Siderfabrikken vart starta opp i 2004.
Frå gammalt av var det fruktdyrking på Lekve; eple, pære, plommer og moreller.
Vi lagar produkt både med og uten alkohol, og slike produkt har lang tradisjon i Hardanger.

PRODUKTTYPAR

Alkoholfrie produkt (Eplejuice og eplemost) vert laga uten tilsetjingstoff og er heilt rein vare. Eplesortane Gravenstein, Summerred og Aroma er dei viktgaste sortane vi brukar i produksjonen.
Vi lagar ekte Hardangersider, produsert med naturleg gjæring.
Vi lagar ulike typar sider, tørr , halvtørr og halvsøt. Vi lagar også alkoholholdige produkt av andre typar frukt enn eple. Produkta er både musserande og uten kolsyre.
Som ein naturleg del av produktutviklinga produserer vi brennevin laga av ulike råstoff og alkoholinnhald.

GAMLE OPPSKRIFTER – NYE METODAR

Ein moderne og sikker saft- og siderproduksjon krev godt utstyr. Produkta våre er basert på gamle oppskrifter, men for å sikra best kvalitet og ein stabil produksjon har me kjøpt inn spesialutstyr.
Til siderproduksjon treng ein god, fersk eplesaft og reine kjerald. Eplesafta MÅ vera ubehandla. Når gjærsoppen som finst i epla naturleg får veksa på det naturlege sukkeret i epla, vert det danna etanol, alkohol.
Unngå oksygen som kan føra til eddikk. Gjæringstempratur er 8 -10 grader. Gjæringa tek lang tid, men den som har tolmod, vert lønna med ein sider med rik smak.

2,5 TONN EPLE I TIMEN

Anlegget har kapasitet for å pressa ca 3000- 5000 liter saft pr dag. Presseprosessen går heile tida automatisk og tek ca. 2,5 tonn eple i timen. Epla vert vaska, mosa og pressa i ein heilautomatisk prosess. Omlag 75 prosent av eplet vert omgjort til saft, resten går til dyrefór.

SIDERTANKAR PÅ 5000 LITER

Av den ubehandla safta (råsafta) vert noko selt til privat bruk for “gjer det sjølv” sider, resten vert plassert i dei store ståltankane på 5000 liter for siderproduksjon. Her skal sideren godgjera seg fram til våren og helst endå lengre.Før tapping av sider på flasker blir temperaturen i metallfatene senka til -1 mot 0 grader. Med ett toppmoderne anlegg klarer vi å tappe 900 flasker i timen.

BRENNERI OG EIKETØNNER

Som ein naturleg del av produktutviklinga produserer vi brennevin laga av ulike råstoff og alkoholinnhald. Brenneriet stod klart hausten 2009, utstyret er fransk. Først vert sideren destillert, deretter vert eplebrennevinet lagra på eike-tønner i 3 år. Nokon av tønnene er nye og andre har vore brukt til vinproduksjon. Brennevinet får både smak og farge frå eike-tønnene. Det går med 3 tonn eple for å fylle ei tønne.

Frå artikkel i BT, oktober 2012:

— Vi har fem sorter eple her på garden: Prins, Discovery, Gravenstein, Summerred og Aroma. Dei to fyrste modnar først, så Gravenstein og Summerred, og Aroma sist. Når epla er plukka, tek me til å presse dei. Då går dei først gjennom pressa, så blir eplesafta frakta opp i ei tank, inn i ei sentrifuge for å få ut dei grovaste partiklane i safta, over i ein pasteuriseringsmaskin der ho blir varma opp. Så fyller vi plastposar med safta og ventar til ho blir nedkjølt, før vi pakkar det inn i pappkartong. Når vi lagar sider, fyller vi fersk saft på sidertankane. For at sideren skal bli alkohol, må ho gjærast i mellom sju og ni månader, fortel Lekve.
— Rundt halvparten av epla vi brukar, kjem frå min gard. Resten kjøpar vi frå andre gardar og fruktlageret. Her plukkar vi rundt 100 tonn eple kvar haust, fortel Lekve.

 

Eple frå Hardanger

For å sikra ein god kvalitet på produkta, brukar me berre godt utvikla eple. I hovudsak brukar me sortane Gravenstein, Summerred og Aroma.

Produkta våre

FRÅ 2004 har eplemost og siderproduksjon vorte ein svært viktig del av drifta på garden, i tillegg til eple. I 2009 begynnte produksjon av eplebrennevin som

Omvising

Dei fleste gardane i Hardanger har si hemmelege oppskrift på sterk og god sider. Epledyrking og siderproduksjon har vore tradisjon i Hardanger