Lekve Gard

Hardanger Saft- og Siderfabrikk ligg inst inne i Hardangerfjorden på fruktgarden Lekve i Ulvik.

Garden Lekve ligg i ei sørvendt helling med beste klimatiske tilhøve for fruktdyrking.Garden har lang tradisjon for fruktdyrking og heile garden er i dag planta til med frukt.Ein god del av garden er brattlendt og dette medfører store utfordringar på den driftstekniske sida.

Frå frukt- til sider og brennevin

Frå gammalt av var det fruktdyrking på Lekve; eple, pære, plommer og moreller. I dag er det eple som vi brukar til eigen produksjon. Vi lagar produkt både med og uten alkohol, slike produkt har lang tradisjon i Hardanger.

 

Produksjonen

Alkoholfrie produkt (Eplejuice og eplemost) vert laga uten tilsetjingstoff og er heilt rein vare. Eplesortane Gravenstein, Summerred og Aroma er dei viktgaste sortane vi brukar i produksjonen.

Ekte Hardangersider

Sider er sagnomsust og nær knytt til Hardanger. HardangerSider frå Ulvik er laga etter gammal oppskrft på moderne vis.

Restaurant på garden

Berre førehandsbestilling, ingen kafedrift. Vi har eigen gardsrestaurant med matservering for grupper på meir enn 20 personar.