Tor Halvorsen. Nils Lekve tok både fyrste og andre plass då Noreg sin beste sider vart kåra i Øystese laurdag. Siderfestivalen i Øystese vart arrangert for 10. gong i helga, og eit av høgdepunkta var kåring av beste sider, nytt av året var to kategoriar, profesjonell og amatør. Juryen blindtesta seg gjennom 26 ulike siderar frå 16 produsentar, og kåra nok ein gong Hardanger Saft og Siderfabrikk Nils Lekve sin Hardangersider Sprudlande til beste sider. Same mann tok også andre plass med Hardangersider Tradisjonell. Tredje plass i kategori profesjonell gjekk til Hardanger Cideri ved Sjur Jaastad. Om vinnarsideren seier juryen:

Les meir
14-10-2013 Ingen kommentarer adminsider NYTT frå siderfabrikken