Eplesider

Eplesider

Sagnomsust drikk

Dei fleste gardane i Hardanger har si hemmelege oppskrift på sterk og god sider. Epledyrking og siderproduksjon har vore tradisjon i Hardanger heilt sidan 1200-talet då epledyrkinga kom til Hardanger med munkane.

God og ekte hardangersider skal vera produsert med naturleg gjæring. Sideren skal smaka eple, den skal ha god lukt av friske eple når ein opnar flaska og vera klår og brusa lett med det same den kjem i glaset. Sideren skal vera behageleg å drikka.

BESKYTTA GEOGRAFISK NEMNING

beskytta-geografisk-nemning-01

 

Hardanger Siderprodusentlag fekk beskytta geografisk nemning på “Sider frå Hardanger” 17. april 2009. Dette er det første og einaste alkoholhaldige produktet i Noreg med beskytta geografisk nemning.