Hardanger Saft- og Siderfabrikk AS i Ulvik har vunne NHO Hordaland sin «Nyskapingspris» for i år. Prisvinnaren vert samstundes regionen sin kandidat til den nasjonale

«Nyskapingsprisen 2012».

– Prisen er ein viktig del av NHO sitt arbeid med å gjera nyskapingsevna i næringslivet synleg. Målet er å visa at det finst gode, kreative bedrifter i heile landet, seier regiondirektør Tom Knudsen i NHO Hordaland.

Verksemda, som vart stifta i 2004, har som forretningside å utvikla nye produkt basert på eigneråvarer. Sidan oppstarten har produksjon av saft og sider vore ein svært viktig del av drifta på gården.

Tom Knudsen slår fast at Hardanger Saft- og Siderfabrikk AS er eit svært viktig bidrag til auka aktivitet i ein region som elles har hatt ei mykje svakare utvikling enn resten av fylket.

– Både arbeidsplassane, foredling av lokale råvarer, og ikkje minst tilbodet til reiselivsnæringa er av svært stor verdi for både Ulvik og resten av Hardangerregionen, meiner NHO. –

Nyskapingsprisen skal setja pris på personleg initiativ og samstundes skapa auka interesse og merksemd i samfunnet for nyskaping og etablering av nye bedrifter. Dette formålet er til fulle oppfylt av Nils J. Lekve gjennom Hardanger Saft- og Siderfabrikk AS, seier regiondirektør Tom Knudsen.
Frode Myhra Gjerald, avisa Hordaland

Les meir

Les meir
09-08-2012 Ingen kommentarer adminsider NYTT frå siderfabrikken